Hønefoss Ballklubb
Fullt namn | Hønefoss Ballklubb | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | HBK, Hønsa | ||
Grunnlagd | 4. februar 1895 | ||
Heimebane | AKA Arena (kapasitet: 3 500) | ||
Styreleiar | Ole Sannes | ||
Hovudtrenar | Leif Gunnar Smerud | ||
Supporterklubb | Fosseberget | ||
Liga | 3. divisjon fotball for herrar | ||
Anna | Dagleg leiar: Geir Håvard Solvang | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Hønefoss Ballklubb er ein fotballklubb frå Hønefoss i Ringerike kommune i Buskerud i Viken. Kvinnene sitt A-lag spelar i 1. divisjon (2020). Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 2 (2020).
Klubben spelar heimekampane sine på AKA Arena. Hovudtrenaren er Luke Torjussen (2020). Noverande hovudtrenar er Leif Gunnar Smerud.
Fyrste gongen Hønefoss spelte på øvste nivå var i 2010-sesongen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Klubben er ei samanslåing av fleire gamle fotball- og idrettsklubbar:
- IF Liv som blei stifta 4. februar 1895.
- Fossekallen IF, som fekk namnet sitt 28. mars 1909 etter at Skiklubben Halden (stifta 15. april 1908) skifta namn.
- Fossekallen blei i 1940 slått saman med Hønefoss AIL.
- I 1987 blei klubbane IF Liv og Fossekallen slått saman til Liv/Fossekallen.
- Klubben fekk i 1997 namnet L/F Hønefoss, og i 2002 blei namnet igjen endra til noverande Hønefoss BK.
I 1998 rykte L/F Hønefoss opp i 1. divisjon. Publikumsrekorden i Hønefoss Idrettspark er 3 773, og blei sett 22. august 2005 i ein cupkamp mot Hamarkameratene. Supporterklubben heiter Fosseberget.
18. juli 2007 blei det vedteke å byggje nytt stadion, det stod ferdig i 2009. Det er sertifisert for 3500 plassar, men sidan området berre er regulert for 3000 må HBK søkje kommunen om dispensasjon dersom talet på tilskodarar blir over 3.000.[1]
Januar 2008 blei Ole Bjørn Sundgot tilsett som ny hovudtrenar for klubben. I den andre sesongen med Sundgot som trenar greidde HBK andreplass i 1. divisjon, og sikra med det opprykk til Tippeligaen.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- 4. plass i 1. divisjon (2002, 2005 og 2006)
- Semifinale i cupen (2005)
- 2. plass i 1. divisjon (2009)
Spelarstall
[endre | endre wikiteksten]Kvinner
[endre | endre wikiteksten]Endra 23. august 2020.[2]
- 3 Stina Næss Berge
- 4 Charlotte Listedt Haddeland
- 6 Tonje Färber
- 7 Julie Simonsen Solberg
- 8 Guro Næss Berge
- 9 Nika Jakir
- 10 Jenny Strandheim
- 11 Synne Kristine Hamborg
- 12 Emma Andrea Rønning, målvakt
- 14 Iselin B. Nitter
- 15 Maria Emilia Hustad
- 16 Kristine Grønvold
- 17 Emilia Stensrud Tyribakken
- 18 Malin Rovelstad
- 19 Maja Tryterud
- 20 Anniken Eek
- 22 Martine Skogstad Falkeid
- 24 Ingrid Molden
- 25 Inger Vadder Sandland
- 26 Oda Lillegård, forsvar
- 27 Therese Vollan Kristensen, midtbane
- 28 Kristine Hille-Bekkestad, angrep
- 31 Mari Refsnes Hasselknippe, målvakt
- 31 Karolina Dabrowska Westbyn, målvakt
- Karianne Kvissel Ohren, målvakt
Menn
[endre | endre wikiteksten]Endra 23. august 2020.[3]
- 6 Marko Valdimir Jankovic
- 1 Andreas Vedeler, målvakt
- 7 Tor Øivind Stensæther Hovda
- 8 Thomas Nygaard
- 9 Erblin Llullaku
- 10 Andreas Skattum Nordby
- 13 Trym Ring Strandberg, målvakt
- 14 Mads Volden
- 16 Halvard Kvamme Urnes
- 17 Parris Mason
- 20 Markus Thorberg
- 23 Sivert Nilsen Bukten
- 28 Sander Mala, midtbanespelar
- 29 Orhun Aslan Selvi
- Jason Nathan Bli
- Ahmed El Amrani
- Alexander Groven
- Lars Rydje
- Durim Muqkurtaj, forsvar
- Ibrahima Dramé, spiss
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 11. april 2010.